LibreOffice 24.2 Hjelp
Undermenyen lister ut dei mest brukte felttypane som kan setjast inn i eit dokument der markøren står. For å sjå alle tilgjengelege felt, velFleire felt.
Set inn det gjeldande sidetalet som eit felt der markøren er.Standard formatering er å bruka teiknstilen Sidenummer.
Set inn datoen i dag som eit felt. Standardformatet for datoar vert brukt, og datoen vert ikkje oppdatert automatisk.
Set inn gjeldande klokkeslett som eit felt. Klokkeslettet vert teke rett frå systeminnstillingane i operativsystemet. Det vert brukt eit fast tidsformat som ikkje kan endrast med funksjonstasten F9.
Set inn eit felt med tittelen på dokumentet, henta frå dokumenteigenskapane. Dette feltet viser informasjonen som er skriven i Tittelfeltet under Fil → Eigenskapar → Skildring.
Set inn eit felt med namnet på personen som oppretta dokumentet. Dette feltet viser informasjonen som står under LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice → Brukarinformasjon.
Set inn eit felt med emnet for dokumentet, henta frå dokumenteigenskapane. Dette feltet viser informasjonen som er skriven i Emnefeltet under Fil → Eigenskapar → Skildring.
Set inn eit felt ved skrivemerket. Dialogvindauget inneheld ei liste over alle tilgjengelege felt.